Med verknad frå i dag av er det sett i gong
eit nytt og spanande EU-prosjekt der ein skal freista få betre
oversikt over groe på oppdrettsanlegg og korleis ein på best
mogeleg miljømessig og økonomisk vis kan hindra eller få vekk
denne groa. Og mellom dei elleve stadane i Europa dette skal
gjennomførast, er ved Bømlo Skjell sin landbase i
Innværfjorden.
Dette med groe i sjøen representerer
svært mykje arbeid og ekstra-kostnadar for oppdrettsbransjen,
både for dei som driv med oppdrett av fisk og for dei som
balar med skjeloppdrett. Problemet er det same for alle, same
kvar ein held til. Tidlegare vart det nytta ulike stoff for å
impregnera nøter, tauverk og anna som oppdrettarane nyttar, og
som hindra eller reduserte denne groinga. Men av miljømessige
omsyn er dette heilt minimalisert i dag, og det vert nytta
forskjellige mekaniske vaskemetodar. Noko som er tidkrevjande,
og dermed kostesamt, samstundes som det også er fare for at
oppdrettsfisk kan rømma når ein byter nøter i samband med slik
vasking. Og rømmingsfaren representerer miljømessig bekymring,
samstundes som det sjølvsagt også representerer store
kostnadar og tap dersom fisken forsvinn. For skjeldyrkarane
representerer det å få vaska vekk groen den aller største
arbeidsmengda, og med det også den største kostnaden ved
produksjonen.
I regi av EU vert det i desse dagar sett
i gong eit omfattande vitskapeleg granskingsprosjekt for å få
kartlagd kva tid groinga er mest omfattande og i kva grad
temperatur, algeoppbløming, saltvasskonsentrasjon og andre
parameter verkar inn på groinga. Dessutan skal ein sjå på om
det er mogeleg å koma fram til miljømessige og økonomisk
gunstige metodar for å hindra eller redusera denne groinga,
og/eller for fjerning av groen. Oppstarten for sjølve
feltarbeida er i dag, 7. februar, på elleve lokalitetar i
Vest-Europa frå Kanariøyane og Spania i sør til Innværfjorden
i Hordaland og Rørvik i Nord-Trøndelag i nord. Men det heile
har alt vore førebudd i løpet av eit godt halvår. No skal
feltarbeida gå føre seg i vel to år, med fortløpande
evalueringar, før heile prosjektet skal vera fullført sommaren
2007.
Dette vitskapelege prosjektet går føre seg i
EU-regi, med dr. Simone Dürr frå universitetet i Newcastle i
England og Ph.D. Douglas I. Watson frå universitetet i Cork i
Irland som prosjektleiarar. Etter at planleggingsfasen har
vorte gjennomført i lag med dei oppdrettarane som skal vera
med på prosjektet, har dei i løpet av godt ei svært så hektisk
veke vore på alle dei elleve lokalitetane. Der har dei vore
med på montering og utsetjing av det aktuelle måleutstyret.
Dei starta på Kanariøyane, har vore i fastlands-Spania, i
Portugal, i England og Skottland, dei var i Innværfjorden
laurdag og tidleg på dagen i går, og fór deretter til
Nord-Trøndelag der dei var i går og i dag og skal avslutta i
Irland i morgon. Med det gjekk altså starten for sjølve
feltforsøket i går, og det skal gå føre seg i eit par års tid,
eller meir nøyaktig: i løpet av 25 månadar.
– Det er i
alt elleve lokalitetar i Spania, Portugal, UK, Irland og Norge
der det skal utførast heilt identiske feltforsøk. På to meters
djupn vert store røyr-rammer sette ut, der det er festa på
store mengder PVC-plater som er pussa med sandpapir. Det
dreier seg om sytti slike plater på kvar lokalitet, og ulike
testar vert utførte på desse platene. Kvar månad skal dei
takast opp og ein skal fotografera groinga. Platene skal
vegast, for å få eit mål på denne groen. Einskilde plater skal
så reingjerast før dei vert sette ut i sjøen att, medan for
andre plater skal groinga berre halda fram. Dette fortel dei
to prosjektleiarane til BØMLO-nytt. Og dei legg til at kvar
veke skal det gjennomførast målingar av sjøtemperatur,
saltkonsentrasjon i sjøen og kor mykje algar det er. Dei som
driv med fiskeoppdrett skal i tillegg måla oksygenmengda i
sjøvatnet. Alt dette er slikt som dei elleve lokale
deltakarane skal stå for, og totalt dreier det seg om temmeleg
mykje arbeid som kviler på dei. I tillegg skal dei to
prosjektleiarane ta turen innom kvar av dei elleve
granskingsstadane ein til to gonger i året.
– Her i
Norge er det to stader som er med på dette prosjektet. Den
eine staden er i nærleiken av Rørvik i Nord-Trøndelag, der det
er eit lakseoppdrett som er med. Og så er det her i
Innværfjorden i regi av firmaet mitt, Bømlo Skjell AS, fortel
Eivind Bergtun. Han reknar med at det vert mykje arbeid med
deltakinga i dette prosjektet, og han fortel at 45% av
kostnadane knyta til deltakinga hans må firmaet hans stå for.
Resten vert finansiert av forskningsmidlar frå EU.
–
Men om det er ein god del arbeid og kostnadar med deltakinga i
dette prosjektet, så er det likevel snakk om svært viktig
kompetansebygging – både for eige firma og for næringa totalt
sett. Såleis er også m.a. organisasjonen FHL Havbruk med som
ein av dei totalt 23 partnarane i dette prosjektet, der me
elleve oppdrettarane som er med utgjer knapt halvparten av
partnarane. I haust var me alle saman samla i Madrid for å i
fellesskap koma fram til korleis feltforsøka skal
gjennomførast. Og no når me vel er komen i gong skal me ha ei
felles-samling på Algarvekysten i Portugal. Det neste
felles-møtet vert i Rørvik i Nord-Trøndelag, slik at me får
med oss forskjellige klimatiske tilhøve når det gjeld
oppdrett, fortel Eivind Bergtun. Han legg til at deltakinga i
dette prosjektet har gjeve mange nye europeiske kontaktar,
noko som m.a. har ført til at han har fått ein kunde i Spania
som vil kjøpa østersyngel frå han.
Utskriftsvenleg versjon
Tips
ein ven om denne saka