Mandag
14. februar
  
 
Bømlo-nytt.no
  Nyheter
  Kultur
  Sport
  Økonomi
  Politikk
  Leiar

ARKIV
Nyheter
Kultur
Sport
Økonomi
Politikk
Leiar

AVISA
info
abonnement
redaksjonen
kontakt oss

ANNONSER
Marknadsplassen
Tinga annonse
Info / Prisar

LENKER
Haugesunds Avis
Kvinnheringen
Bømlo Reiselivslag
Bømlo Kommune
Bømlo Musikal Laug
Mostraspelet
Grenda
Innsida (i Kvinnherad)
Grannar
Bømlingar på internett
Finnås prestegjeld
BømlaGrindo
Langevåg Bygdatun


Telefon:
53 42 10 00

Telefaks:
53 42 54 66

Tipstelefon:
53 42 53 33

ØKONOMI:

Forskar på groing

Skriven av: Stein-Erik Ovesen
Publisert: 09.02.2005 18:39
Oppdatert: 13.02.2005 18:47
Forskar på groing
VITSKAPELEG PROSJEKT: På elleve stader kringom i Vest-Europa skal groen i sjøen granskast, og resultatet vert vonleg til stor nytte for heile oppdrettsbransjen. På biletet frå venstre prosjektleiarane Douglas I. Watson og Simone Dürr, oppdrettar Eivind Bergtun og oppdrettar-son Lars Bergtun under ein pause i klargjeringa til denne granskinga i Innværfjorden. Mellom seg held dei ein av dei fjorten rammane som kvar inneheld fem PVC-panel der groinga skal granskast. (Foto: Bjørn Erik Ovesen)

Med verknad frå i dag av er det sett i gong eit nytt og spanande EU-prosjekt der ein skal freista få betre oversikt over groe på oppdrettsanlegg og korleis ein på best mogeleg miljømessig og økonomisk vis kan hindra eller få vekk denne groa. Og mellom dei elleve stadane i Europa dette skal gjennomførast, er ved Bømlo Skjell sin landbase i Innværfjorden.

Dette med groe i sjøen representerer svært mykje arbeid og ekstra-kostnadar for oppdrettsbransjen, både for dei som driv med oppdrett av fisk og for dei som balar med skjeloppdrett. Problemet er det same for alle, same kvar ein held til. Tidlegare vart det nytta ulike stoff for å impregnera nøter, tauverk og anna som oppdrettarane nyttar, og som hindra eller reduserte denne groinga. Men av miljømessige omsyn er dette heilt minimalisert i dag, og det vert nytta forskjellige mekaniske vaskemetodar. Noko som er tidkrevjande, og dermed kostesamt, samstundes som det også er fare for at oppdrettsfisk kan rømma når ein byter nøter i samband med slik vasking. Og rømmingsfaren representerer miljømessig bekymring, samstundes som det sjølvsagt også representerer store kostnadar og tap dersom fisken forsvinn. For skjeldyrkarane representerer det å få vaska vekk groen den aller største arbeidsmengda, og med det også den største kostnaden ved produksjonen.

I regi av EU vert det i desse dagar sett i gong eit omfattande vitskapeleg granskingsprosjekt for å få kartlagd kva tid groinga er mest omfattande og i kva grad temperatur, algeoppbløming, saltvasskonsentrasjon og andre parameter verkar inn på groinga. Dessutan skal ein sjå på om det er mogeleg å koma fram til miljømessige og økonomisk gunstige metodar for å hindra eller redusera denne groinga, og/eller for fjerning av groen. Oppstarten for sjølve feltarbeida er i dag, 7. februar, på elleve lokalitetar i Vest-Europa frå Kanariøyane og Spania i sør til Innværfjorden i Hordaland og Rørvik i Nord-Trøndelag i nord. Men det heile har alt vore førebudd i løpet av eit godt halvår. No skal feltarbeida gå føre seg i vel to år, med fortløpande evalueringar, før heile prosjektet skal vera fullført sommaren 2007.

Dette vitskapelege prosjektet går føre seg i EU-regi, med dr. Simone Dürr frå universitetet i Newcastle i England og Ph.D. Douglas I. Watson frå universitetet i Cork i Irland som prosjektleiarar. Etter at planleggingsfasen har vorte gjennomført i lag med dei oppdrettarane som skal vera med på prosjektet, har dei i løpet av godt ei svært så hektisk veke vore på alle dei elleve lokalitetane. Der har dei vore med på montering og utsetjing av det aktuelle måleutstyret. Dei starta på Kanariøyane, har vore i fastlands-Spania, i Portugal, i England og Skottland, dei var i Innværfjorden laurdag og tidleg på dagen i går, og fór deretter til Nord-Trøndelag der dei var i går og i dag og skal avslutta i Irland i morgon. Med det gjekk altså starten for sjølve feltforsøket i går, og det skal gå føre seg i eit par års tid, eller meir nøyaktig: i løpet av 25 månadar.

– Det er i alt elleve lokalitetar i Spania, Portugal, UK, Irland og Norge der det skal utførast heilt identiske feltforsøk. På to meters djupn vert store røyr-rammer sette ut, der det er festa på store mengder PVC-plater som er pussa med sandpapir. Det dreier seg om sytti slike plater på kvar lokalitet, og ulike testar vert utførte på desse platene. Kvar månad skal dei takast opp og ein skal fotografera groinga. Platene skal vegast, for å få eit mål på denne groen. Einskilde plater skal så reingjerast før dei vert sette ut i sjøen att, medan for andre plater skal groinga berre halda fram. Dette fortel dei to prosjektleiarane til BØMLO-nytt. Og dei legg til at kvar veke skal det gjennomførast målingar av sjøtemperatur, saltkonsentrasjon i sjøen og kor mykje algar det er. Dei som driv med fiskeoppdrett skal i tillegg måla oksygenmengda i sjøvatnet. Alt dette er slikt som dei elleve lokale deltakarane skal stå for, og totalt dreier det seg om temmeleg mykje arbeid som kviler på dei. I tillegg skal dei to prosjektleiarane ta turen innom kvar av dei elleve granskingsstadane ein til to gonger i året.

– Her i Norge er det to stader som er med på dette prosjektet. Den eine staden er i nærleiken av Rørvik i Nord-Trøndelag, der det er eit lakseoppdrett som er med. Og så er det her i Innværfjorden i regi av firmaet mitt, Bømlo Skjell AS, fortel Eivind Bergtun. Han reknar med at det vert mykje arbeid med deltakinga i dette prosjektet, og han fortel at 45% av kostnadane knyta til deltakinga hans må firmaet hans stå for. Resten vert finansiert av forskningsmidlar frå EU.

– Men om det er ein god del arbeid og kostnadar med deltakinga i dette prosjektet, så er det likevel snakk om svært viktig kompetansebygging – både for eige firma og for næringa totalt sett. Såleis er også m.a. organisasjonen FHL Havbruk med som ein av dei totalt 23 partnarane i dette prosjektet, der me elleve oppdrettarane som er med utgjer knapt halvparten av partnarane. I haust var me alle saman samla i Madrid for å i fellesskap koma fram til korleis feltforsøka skal gjennomførast. Og no når me vel er komen i gong skal me ha ei felles-samling på Algarvekysten i Portugal. Det neste felles-møtet vert i Rørvik i Nord-Trøndelag, slik at me får med oss forskjellige klimatiske tilhøve når det gjeld oppdrett, fortel Eivind Bergtun. Han legg til at deltakinga i dette prosjektet har gjeve mange nye europeiske kontaktar, noko som m.a. har ført til at han har fått ein kunde i Spania som vil kjøpa østersyngel frå han.

Utskriftsvenleg versjon
Tips ein ven om denne saka


Kompetansesenter for bompengeselskap

Astri Solnes har sagt opp den mangeårige stillinga si som kontorsjef og nestkommanderande i Sunnhordland Bru- og Tunnelselskap AS. Frå 1. mars av er ho i gong med eit nytt firma som skal kunne verta eit service- og kompetansesenter.

Eldorado for datainteresserte

Tormod Hope (biletet) er hovudansvarleg for datatreffet my-lan, som går av stabelen i Bømlohallen i vinterferien. I haustferien i fjor deltok 70 unge på eit tilsvarande datatreff, og målet er like mange deltakarar denne gong.

Mange lokaloppgjer i 6. divisjon

Sist sesong var det i 7. divisjon slik at lokaloppgjera kom på løpande band. Etter opprykkraset til 6. divisjon sist sesong, så er det no i 6. divisjon lokaloppgjera kjem på rekke og rad.
SISTE NYHETER:
SISTE KULTUR:
SISTE SPORT:

Storutbygging og nye butikkar

Bremnes Forretningsbygg DA har allereie kome godt i gong med utbygginga av Sams senter, for fleire ti-tals millionar kroner. Arbeida har alt starta, fortel Hans Oskar Vikse.

Skjenkeløyve til Dolly Dimples

Pizzakjeden Dolly Dimples opner restaurant i Sams senter i november. No har eit knapt fleirtal i formannskapet avgjort at Dolly Dimples er den fjerde restauranten i Svortlandsområdet som får skjenkeløyve.

I gong med ny distribusjon...

Frå onsdag av er BØMLO-nytt i gong med nytt distribusjonsopplegg i storparten av kommunane Bømlo, Fitjar og Stord. Dette inneber naturleg nok store praktiske utfordringar, men vonleg og truleg går starten mykje godt problemfritt.
SISTE ØKONOMI:
SISTE POLITIKK:
SISTE LEIAR:


siste 10 frå Økonomi:

BØMLO-nytt på heimesida di?


Det er snart vinterferie for skulane. Kva skal du gjera?
Vera heima
Reisa på fjellet
Reisa innan Norge
Reisa til varmare breiddegradar
Reisa andre stader i verda



Bømlo-nytt.no | Nyheter | Kultur | Sport | Økonomi | Politikk | Leiar | BømlaGrindo.no